Skrevet av Emne: #176 - Scuderia TOTEN  (Lest 133389 ganger)

Utlogget #176 - Arve Vassbotn

  • Global Moderator
  • Innlegg: 176
  • Skreia - Østre Toten
    • Home of the "Viper"
    • E-post
Sv: #176 - Scuderia TOTEN
« Svar #360 på: 13. Mai 2019, 10:59:29 »
Neida! Scuderia TOTEN er ikkje død og gravlagd!

Eg har berre hatt eit litt langt mellomspel som heiter relokalisering av både hus og Scuderiaen. No er både hus og ny stall til leikene på plass så då kan galskapen ta til att.

Galskapen har faktisk alt starta! Viper'n, stakkar, har stått botgøymd sidan Karlskoga i fjor og vart tatt fram og vaska støv av for eit par veker sidan. Sjekka at der var olje og vatn og jaggu starta han på første forsøk. Fekk tatt årskontroll, betalt avlat til NBF, kjøpte med ei flaske bremseveske og skaut avgarde til Sverige og sesongåpning 2019. Fekk bytta bremseveske fredagskvelden og kasta meg utpå laurdags morgon.

Ein FIAT skuffar aldri, heller ikkje denne gongen! Karlskoga har blitt ei av mine favorittbaner og passar Viper'n perfekt. To supre treningar, og så gløymde eg å fylle på bensin før kvalik, tabbetryne!! Fekk eit par runder før bensinmangel meldte seg, men fekk då ei OK kvalik tid.

Løp ein med ståande start vart ei lita utfordring i første sving, der vart det trangt gitt! Men sidan eg er ein gentlemann slapp eg meg litt bak og kom meg uskadd gjennom svingen. Hadde ein durabelig fight med Rune R. i hans TURBO 75, men han fekk gremlins etter eit par runder og måtte sleppe seg litt bak. Då kunne jakta på Dina i TURBO x-1/9 starte og det gikk ikkje lenge før vi låg støtfangar mot støtfangar resten av løpet. I nest siste runde var eg nærast inni bagasjerommet til Dina ned heile langsida, fekk god drahjelp og gjorde eit kamikaze forsøk på sein innbremsing..... alt for sein viste det seg  :o, så Dina beholdt plasseringa og eg passerte målstreken 0,5s bak. Umåtelig artig. ;D

Løp to med rullande start forløp omtrent eksakt som løp ein, men denne gongen var eg kun 0,2 s bak Dina ved målgang.

Det er utruleg at Viper'n etter eit års stillstand leverte så bra, faktisk så bra at eg forbedra bestetida mi på Karlskoga med nesten 0,5 sek. Snittfarta er no oppe i 109,9 km/t, det er bra for ei avdanka "handlevogn"  ;D ;D

Om det ikkje blir for mykje husbygging framover såsjåast me på Rudskogen.

« Siste redigering: 13. Mai 2019, 15:09:37 av #176 - Arve Vassbotn »

Utlogget #176 - Arve Vassbotn

  • Global Moderator
  • Innlegg: 176
  • Skreia - Østre Toten
    • Home of the "Viper"
    • E-post
Sv: #176 - Scuderia TOTEN
« Svar #361 på: 15. August 2019, 14:40:23 »
Snart klart for løp 5 og 6 på Vålerbana og ID.

Det går frykteleg i rykk og napp med oppdateringar herifrå, men no er i alle fall huset og stallen ferdig måla også, så kanskje det blir litt meir oppdateringar no? ::)

Ei lita kjapp oppsummering av løp 3 og 4 kan eg ta før eg reiser til Våler.

Trening og kvalik gikk rimelig bra, fekk tuna inn bensinmengda slik at eg ikkje køyrer med meir enn akkurat nok til å gjennomføre 12 runder utan fusking. Rudskogen er heller ikkje i år tilpassa Viper'n, det er alllt for bratt der! Merkeleg at dei ikkje kan jevne den litt ut  ;D ;D ;D

Kvala inn til eit startspor eit stykke bak i feltet og tok i vanleg stil eit par plassar i starten, men det varer ikkje lenge opp dei bratte bakkane, så eg tusla rundt baki feltet og kom i mål på ein sjetteplass, og ikkje heilt sist.

Syns Viper'n var litt vel understyrt dei siste rundene, så det var fram med jekken og få krabaten i været. Smygpungtering på høgre framhjul!! Ikkje rart barnet gret!

Etter litt febrilsk leiting etter nokon med kompressor og slik gugge ein sprutar inn i dekket utan resultat, kom Leif Arne med sjefsrådet: -Skru inn ein skru i hølet. :o Som sagt så gjort, og rett på lineup for neste løp!

Starten gjekk som forrige løp, eit par plassar opp, men så ramlar vi bakover. På sjette runde fekk litt heng på ein annan og skulle prøve meg på eit lite kamikaze støt inn i Angsten. Har fått litt sjølvtillit i angsten no, må vite  :P.

Men, i det eg skulle til å bremse meg forbi bestemte den forannevnte skru å forlate si plassering i dekket.

UUUUæææææHHH!! Det vart nokre hektiske sekund med febrilsk ratting og sleng i både eine og andre retninga. Først trudde eg at det var horna mine som var litt for store for bilen roa seg liksom litt ned att, så eg tok opp att jakta og kom meg greit rundt og opp til langsida. Såg Jens i det fjerne i bakspegelen når eg passerte mållinja, så det burde gå å komme seg rundt første sving før Jens var der, i alle fall om eg bremsa litt seint.......

UUUUUæææææhhh nr.2 No var framdekket heilt flatt, så no vart det skikkeleg hurramegrundt, Jens kjørte slalom mellom meg og alle sladdar og kontra sladdar eg fekk til. Heldigvis hindra eg ikkje Jens så han kom seg trygt vidare og eg tusla til depo med halen mellom beina. Årets første DNF!

Dekket er lappa og vi er klar for ID, og kanskje ein skikkeleg regndans. Vålerbana og regn... I LIKE IT!!!  8)

Me sjåast