Del 2 - og berre så de er åtvara: -då går me over til morsmålet til underteikna 
Me er no ca rundt påsketider 2012:
Kanskje me skal ta ein ny bolk i framhaldssoga "Arve gjer ting han ikkje kan", denne gongen utvida til "Arve gjer ting han SLETTES ikkje kan"
Det heile starta med Juniors famøse rivstart på Rudskogen ein fin haustdag i fjor. Det er vel einaste gongen i historia at ein 54 hestar sterk FIAT Punto har lagt att 15 meter med lakrisreimar på asfalten. Slike påkjenningar gjer ikkje godt for ein gamal stakkar og det gjekk ikkje meir enn eit par runder så takka klutsjen for samarbeidet og kasta handduken inn i ringen. At poden gjorde manns arbeid med klutsjen viser biletet under:

Bakerst i eit hjørne av vognskjulet har det i lengre tid stått ein litt større versjon av kraftpakka Punto'en var sett opp med frå ingeniørane i Italia. Då den kom til gards såg det slik ut:
Ikkje særleg innbydande og gå på denne klumpen i finstasen. Men ein omgang med oppvaskbørste, tannkost og whitesprit gjer underverk.

Med eit slikt utgangspunkt er det mykje meir morosamt å finne fram fastnøklar, pipesett og skrujarn. No skal det seiast at Fiat sine FIRE motorar er kjekke å skru på. Sidan dei er urøyvd av menneskjehender under produksjonen, så er det beint fram å skru på dei. Har ei maskin greidd å sette dei saman så må vel ein sjølvlærd røvar greie det?
Den "nye" motoren har nok levd eit godt og skjerma liv, utan dei heilt store utfordringane. Når den var på plass i stativet, og toppen var teken av såg det slik ut:

Eg kan ikkje sjå føre meg at denne har vore nær turtalssperra i sitt tidlegare liv. Ein so gjensota og gjengrodd motor har eg ikkje sett tidlegare. Noko som også vart bekrefta når trykkplata vart demontert, den var heilt blå! Tenkjer det er tante Olga på 75 år som har putra rundt i Tromsø gatene og brukt klutsjen som fatsregulator.
Motoren vart plukka ned i sine enkelte bestanddelar, topploket vart levert til ein lokal helt med remediar for planing av topp, med strenge formaningar om å ta godt i! Med boka til Haynes på fanget, nye pakningar i alle versjonar og variantar fikk eg til slutt sett saman galskapen og det var klart for neste operasjon.
Ut med den gamle motoren og inn med den nye. Det burde då være ein enkel operasjon? I prinsippet er det fire ledningar, to bensinslangar, tre skruar og to drivakslingar som skal løysast. Og andre vegen attende for å få inn den nye. DET kan ikkje være store arbeidet? Med det på minnet ordna eg meg fri dei tre dagane i påskeveka og skreid til arbeidet. Vel ein lærer så lenge ein lever! Skjærtorsdag såg det fortsatt slik ut i fram enden av bilen:

Og då var det tid for ein tur til vestlandet og skruing på 3P. Det gjeld og ha arbeid tilgjengelig dit ein reiser

Andre påskedag var eg attende i vognskjulet og den nye motoren vart rigga til med ny racing klutsj, startmotor, gearkasse og ny tannreim. Men då eg kom til dynamoen kom det føre meg at den nye motoren kom frå ein nyare bil med servostyring. Reimhjulet til dynamoen passa ikkje over eins med noko som helst. Enten vart følaren til kamakslingen på feil plass, eller so vart dynamoen på feil plass. Løysinga var å bytte om på braketten som held følaren til kamakslingen. Men då måtte tannreim, gearkasse, startmotor, og botnpanne av endå ein gong. Det vart tidleg kveld den dagen. Dette er delane som må byte plass:

Bakdelen med å ha eit arbeid, er at ein faktisk må arbeide også. Det gjekk nesten tre veker før eg fekk kvalitetstid i vognskjulet igjen, men etter nokre intensive timar såg det slik ut fram enden av bilen:

Då var det berre målsida igjen før målstreken kunne passerast og laurbærkransen delast ut. Det skulle vise seg å bli eit kronglete oppløp. Den nye motoren er 2 cm høgre enn den gamle, alle slangar og tilkoplingar på innsuget sit på andre plassar enn på den gamle. Så alt av slangar og tilkoplingar måtte modifiserast og tilpassast. I tillegg lid eg av sterkt framskreden senilitet, så det var ikkje alt eg hugsa kvar skulle være... Attåt det er Punto 55 frå fødselen utstyrt med SPI innsrøyting. Punto 75 har MPI frå fødselen. Altså er det ulike motorstyringar og då også ulike kabelutlegg. Eg grunna mykje på om dette ville verte ei utfordring, men etter å ha lese koblings skjema med lupe og konferert med ekspertar tok eg sjangsen og berre kopla den nye motorstyringa rett på det gamle kabelutlegget.
Så forrige helg som var tok eg mot til meg, fikk kopla ferdig ledningar og røyr, fylt på olje og vatn så det var klart for prøvestart. Ville det gå? eller ville det gå til skogen?
Vel den starta på første forsøk, men den gikk ikkje særleg bra, rett opp på 3000 omdreiningar og veldig uryddig gange. Så nok ein gong vart det tidleg kveld og studie av boka hans Haynes. Nok ein gong var det minnet som spelte meg eit puss. Det mangla ein vakumslange mellom innsug og bremsekraftforsterkaren. Med den på plass kan eg no seie at transplantasjonen har vore vellukka so langt. I dag er det årskontroll av bilen og går det i orden er vi på plass i Sverige 20. mai.
Her er den i årets drakt, med årets sponsorar klistra utover:

Det gjekk bra denne gongen også
